Båtleige
Ta ein tur på Sognefjorden! Med eigen motorbåt kan du nytte sjøvegen - slik som folk ved Sognefjorden har gjort gjennom historia.
Våre båtar er 14-15 fot, opne, sjølvlensande og har 15 hk 4-takts utenbordsmotor. Det er plass til max 5 personar i båten.
Alle gjester kan leiga båt heile eller deler av opphaldet hjå oss. Me har redningsvestar til alle, og me instruerer i sikker bruk av båten, og kvar på Sognefjorden båten kan nyttast.
Båten m/motor bør bookast saman med feriehuset. Dette kan ein gjera ved å skriva det i kommentarfeltet på på bookingførespurnaden, eller via e-post.
Gjester som ikkje leiger hus hjå oss kan også leiga båt m/motor om nokon av båtane er ledige.
Ta kontakt på mail/mob: (+47) 950 41 651.
Prisar
Gjester som bur i våre hus:
-
Vekepris båt m/15-hk motor: kr 1500,- + bensin etter forbruk
-
Døgnpris båt m/15-hk motor: kr 500,- + bensin etter forbruk
Gjester som ikkje bur i våre hus:
-
Vekepris båt m/15-hk motor: kr 2000,- + bensin etter forbruk
-
Døgnpris båt m/15-hk motor: kr 700,- + bensin etter forbruk