Aktivitetar

Leiger du feriehus, hytte eller leilegheit hjå oss i Balestrand har du eit fantastisk utgangspunkt for aktivitetar og turar av ulik storleik på og rundt Sognefjorden.

 

Fjellturar til fots

Tjuatoten, ein fjelltopp på 1098 m.o.h.

Turen opp tek ca. 3 timar. Frå toppen har du ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, Esefjorden, Fjærlandsfjorden, Balestrand sentrum og Gaularfjell.

 

Denne turen kan ein starta til fots rett frå våre feriehus. Eller ein kan køyra Sandskredvegen (bomveg kr 100,-) til Orraleiken (400 m.o.h.) og starte fotturen derifrå. Om ein ynskjer ein kortare tur er utsikta flott etter ca. 30-45 min gange.

Meir informajon om denne turen kan finnast her.

Keipen

er ein av dei høgste toppane i området. Ein må ha skikkeleg utstyr og vera vand med lange turar, då dette er ein krevjande tur på ca 8-10 timar. Ein startar frå Esebotn i enden av Esefjorden.

Meir informasjon om denne turen kan finnast her og film frå Keipen her.

Raudmelen

Over Balestrand sentrum (ca. 9 km) er det mange godt merka turstiar, både heilt korte og lengre. Ein kan óg gå opp til Raudmelen (972 m.o.h.) som ligg rett bak Balestrand sentrum. Der er det sett opp ei dagsturhytte. Turen til Raudmelen tek ca. 6 timar t/r.

Meir informasjon om denne turen kan finnast her.

 

Rundturar med bil

1. Dragsvik - Vik - Gudvangen - Flåm - Lærdal - Sogndal - Leikanger - Dragsvik

Ta ferja frå Dragsvik til Vangsnes og køyr deretter gjennom Vik og over Vikafjellet til Gudvangen og Flåm. Her kan ein utforska turiststaden Flåm og ta ein tur med Flåmsbana. Returner over fjellvegen til Lærdal (eller gjennom Lærdalstunnelen, 24,5 km), ferje frå Fodnes til Manheller, køyr gjennom Sogndal sentrum og Leikanger til Hella og kom heim med ferja til Dragsvik.

2. Hella - Sogndal - Fjærland - Skei - Gaularfjell - Balestrand

Ta ferja til Hella og køyr gjennom Leikanger og Sogndal til Fjærland, ein av dei finaste plassane ein kan finna! Her bør ein bruka litt tid til å sjå seg om i Mundal, gå på Norsk Bremuseum og køyra fram til Suphellebreen som ein kan sjå henga over kanten over dalen. Vidare køyrer ein forbi Bøyabreen (her er det panoramarestaurant der ein kan ete eit måltid medan ein ser på Bøyabreen) gjennom Fjærlandstunnelen til Skei i Jølster. Vidare langs Jølstravatnet til Moskog, gjennom Viksdalen og over Gaularfjell. Her køyrer ein forbi mange elvar, fossar og vatn. På toppen av nedstiginga frå Gaularfjell ligg óg eit kjent utsiktspunkt ved denne nasjonale turistvegen.

3. Hella - Gaupne - Luster - Skjolden - Sognefjellet - Tindevegen 

Ta ferja til Hella og køyr gjennom Sogndal, Gaupne, Luster, Skjolden og opp Sognefjellsvegen til Sognefjellshytta som ligg ved bilvegen sitt høgaste punkt. Her er det fantastisk utsikt til Smørstabbreen og fjelltoppane rundt. Køyr attende til Turtagrø Hotell og ta Tindevegen til Årdal (bomveg). Returner via Fodnes - Mannheller, Sogndal og Hella - Dragsvik.

4. Balestrand - Bergen - Balestrand (Ekspressbåt)

Ta ekspressbåten frå Balestrand om morgonen til Bergen. Ankomst Strandkaiterminalen i Bergen sentrum ca. kl. 11:30. Avreise Strandkaiterminalen ca. kl. 16:30 og ankomst Balestrand ca. kl. 20:30. Her har du ein flott båttur i ca. 35 knop på Sognefjorden og langs kysten, pluss ca. 4 timar i Bergen.

 

Det fins óg mange andre alternativ for dagsturar, og alle har mange attraksjonar og avstikkarar ein kan ta med undervegs. Me orienterer gjerne våre gjester om desse, samt køyretider.

Tjugum 11, 6899 Balestrand