Personvernerkæring for Tjugum Hytter

Hjå Tjugum Hytter, tilgjengeleg frå https://www.tjugumcabins.no, er ein av våre viktigaste prioriteringar personvernet til våre besøkjande. Denne personvernerkæringa beskriv kva typar informasjon som samlast inn og registrerast av Tjugum Hytter og korleis me nyttar denne.

Dersom du har fleire spørsmål eller treng meir informasjon om personvernreglane våre, ikkje nøl med å kontakte oss.

Denne personvernerklæringa gjeld kun for våre online aktivitetar og er gyldig for besøkjande på nettstaden vår med hensyn til informasjonen desse deler og/eller samlar inn hjå Tjugum Hytter. Personvernerklæringa gjeld ikkje informasjon som samlast inn offline eller via andre kanalar enn denne nettstaden.

 

Samtykke

Ved å bruke nettstaden vår, samtykker du herved til vår personvernerklæring og godtar vilkåra i denne.

 

Informasjonen me innhentar

Den personlege informasjonen du blir bedt om å oppgi, og årsakane til at du blir bedt om å oppgi denne vil bli forklart til deg kvar gong me ber deg oppgi slik personleg informasjon.

Dersom du kontaktar oss direkte, kan me motta ytterleggare informasjon om deg, for eksempel namn, e-postadresse, telefonnummer, innhaldet i meldinga og/eller vedlegg du kan sende oss, samt annan informasjon som du kan velje å oppgi.

Når du sender inn ein bookingførespurnad kan me be om kontaktinformasjonen din, herunder informasjon som namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer.

 

Korleis me brukar informasjonen din

Me brukar informasjonen me samlar inn på ulike måtar, mellom anna for å:​

  • Tilby, betene og vedlikehalde nettstaden vår.

  • Forbetre, personalisere og utvikle nettstaden vår.

  • Forstå og analysere korleis du brukar nettstaden vår.

  • Utvikle nye produkt, tenester, funksjonar og funksjonalitet.

  • Kommunisere med deg, anten direkte eller gjennom ein av våre partnarar, mellom anna for å yte kundeservice, for å kunne gi deg oppdateringar og annan informasjon relatert til nettstaden vår, samt for marknadsførings- og salsfremjande føremål.

  • Kunne sende deg e-post.

  • Finne og forhindre svindel.

 

Loggfiler

Tjugum Hytter følgjer standard prosedyre for bruk av loggfiler. Desse filene loggar besøkjande når dei besøkjer nettstader. Alle vertsselskap gjer dette som ein del av vertstenesta. Informasjon som samlast inn av loggfiler inkluderer Internet Protocol (IP) adresser, nettlesartype, Internet Service Provider (ISP), dato og tidsstempel, henvisnings- og utgangssider samt antal klikk. Desse er ikkje tilknytt informasjon som er personleg identifiserbar. Føremålet med denne informasjonen er å analysere trendar, administrere nettstaden, spore brukarane sine bevegelsar på nettstaden samt samle demografisk informasjon.

 

Informasjonskapslar og websignal

Som alle andre nettstadar brukar Tjugum Hytter informasjonskapslar. Desse informasjonskapslane brukast til å lagre informasjon, herunder preferansane hjå dei besøkjande og sidene på nettstaden som den besøkjande åpna eller besøkte. Denne informasjonen brukast til å optimalisere opplevinga til brukarane ved å tilpasse innhaldet på nettstaden vår basert på nettlesartypen til den besøkjande og/eller annan informasjon.

For meir, generell informasjon om informasjonskapslar, ver vennleg å les «What Are Cookies» frå Cookie Consent sine nettstader.

Personvernreglar hjå annonsepartnarar

Tredjeparts annonsetenarar eller annonsenettverk brukar metodar som informasjonskapslar, JavaScript eller websignal i deira respektive annonsar og lenker som visast på Tjugum Hytter. Desse sendast direkte til brukarens nettlesar. Dei mottek automatisk IP-adressa di når dette skjer. Desse metodane brukast til å måle effektiviteten til reklamekampanjar og/eller til å tilpasse annonseringsinnhaldet du ser på nettstader du besøkjer.

Merk at Tjugum Hytter ikkje har tilgang til eller kontroll over slike informasjonskapslar som brukast av tredjepartsannonsørar.

Personvernreglar hjå tredjepartar

Tjugum Hytter sin personvernerkæring gjeld ikkje for andre annonsørar eller nettstader. Dermed rådar me deg til å oppsøkje dei respektive personvernreglane for desse tredjeparts annonsetenarane for meir detaljert informasjon. Denne informasjonen kan omfatte deira praksis og instruksjonar for korleis du vel vekk visse alternativ.

Du kan velje å deaktivere informasjonskapslar ved hjelp av dine individuelle nettlesaralternativ. Meir detaljert informasjon om administrering av informasjonskapslar hjå spesifikke nettlesarar kan finnast på nettstadene til den enkelte nettlesar.

CCPA Personvernrettar (ikkje sel min personlege informasjon)

Under CCPA, blant andre rettar, har forbrukarar i California rett til å:

 

Be om at ei verksemd som samlar inn personlege data frå brukarane sine skal dele kategoriane av og kva spesifikke personopplysningar som verksemda har samla inn om desse forbrukarane.

 

Be om at ei verksemd slettar personlege opplysningar om forbrukarane som verksemda har samla inn.

 

Be om at ei bedrift som sel ein forbrukarane sine personlege data, ikkje sel forbrukarane sine personlege data.

 

Dersom du sender oss ein førespurnad, har me ein månad på å svare deg. Dersom du ønskjer å utøve nokon av desse rettane, ver venleg å kontakt oss.

GDPR Databeskyttelsesrettar

Me vil sørgje for at du er fullstendig klar over dine databeskyttelsesrettar. Kvar brukar har rett til følgjande:

Retten til innsyn - Du har rett til å be om kopiar av dine personlege data. Me kan krevje eit lite gebyr for denne tenesta.

Retten til utbetring - Du har rett til å be om at me korrigerer all informasjon du meiner er unøyaktig. Du har også rett til å be om at me fyller ut informasjonen du meiner er ufullstendig.

Retten til sletting - Du har rett til å be om at me slettar dine personopplysningar, på visse vilkår.

Retten til å begrense behandlinga - Du har rett til å be om at me begrensar behandlinga av dine personopplysningar, på visse vilkår.

Retten til å motsette seg behandlinga - Du har rett til å motsette deg behandlinga av dine personopplysningar, på visse vilkår.

Retten til dataportabilitet - Du har rett til å be om at me overfører dataane me har samla til ein annan organisasjon eller direkte til deg, på visse vilkår.

Dersom du sender oss ein førespurnad, har me ein månad på å svare deg. Dersom du ønskjer å utøve nokon av desse rettane, ver venleg å kontakt oss.

Informasjon vedrørande barn

Ei anna viktig prioritering hjå oss er å leggje til rette for tryggleiken til barn medan dei brukar internett. Me oppfordrar foreldre og føresette til å observere, delta i og/eller overvåke samt rettleie deira aktivitet online.

Tjugum Hytter samlar ikkje bevisst inn personleg identifiserbar informasjon frå barn under 13 år. Dersom du trur at barnet ditt har delt denne typen informasjon på nettstaden vår, oppfordrar me deg til å kontakte oss umiddelbart, og me vil gjere vårt beste for å så raskt som råd fjerne slik informasjon frå våre register.

Tjugum 11, 6899 Balestrand

Alle opphavsrettar reservert Tjugum Hytter

  • Facebook Social Ikon
  • Trip Advisor Social Ikon