Bookingbetingelsar
Følgande betingelsar gjeld ved booking og opphald hjå Tjugum Hytter v/ Anders Tjugum.
1. Betaling
20 % av betalinga forfell etter stadfesting av booking, og resterande beløp forfell ved ankomst. Betaling kan skje via nettbank, bankkort eller kontant i norske kroner, NOK.
Med mindre leigetakar kan dokumentere at første betaling har funne stad ved forfall, er Tjugum Hytter i utgangspunktet ubunden av bestillinga. Utelating av innbetaling aksepterast ikkje som avbestilling. Dette må i henhold til punkt 3 skje skriftleg og innan fristen. I motsett fall er leigetakar økonomisk ansvarleg.
2. Bestilling og stadfesting
Personen/firmaet bestillinga er registrert på er ansvarleg for heile leigeforholdet og alle i reisefølget. Bestillar er økonomisk ansvarleg for heile bestillinga, herunder innbetaling av heile leigesummen samla og eventuell erstatning av skade som måtte oppstå. Ei bestilling er bindande anten den skjer skriftleg via online booking, e-post eller munnleg. Bookinga bekreftast skriftleg av Tjugum Hytter via e-post. Eventuelle endringar eller avbestillingar etter dette, må skje skriftleg, og i henhold til punkt 3.
3. Avbestilling/endringar
Leigetakar kan avbestille eller endre sitt opphald seinast 30 dagar før ankomst. Bestillingar som er gjort seinare enn 30 dagar før ankomst er bindande, og leigetakar er 50 % økonomisk ansvarleg i henhold til booking. 14 - 2 dagar før 80 %, og 2 dagar eller mindre før ankomst 100 %.
Alle avbestillingar og endringar må skje skriftleg via e-post.
Manglande betaling er ikkje gyldig avbestilling.
4. Feriebustaden
Feriebustaden leigast ut i henhold til informasjonen som finnast i presentasjonen. Me gjer merksam på at typiske sesongavhengige fasilitetar (eks. båt, utemøblar, grill osv.) ikkje nødvendigvis er tilgjengeleg heile året. Det er ikkje tillat å røyke i feriebustadane.
5. Leigeprisen
Det er berre leiga av feriebustaden som er inkludert i leigeprisen. Straumforbruk kjem i tillegg. Tilleggstenester som leige av sengkler/handkler, båt og sluttreingjering kjem også i tillegg. Seinare ankomst eller tidlegare avreise enn avtala, eller om feriebustaden ikkje blir teken i bruk, vil ikkje føre til reduksjon av leigeprisen.
6. Leige av tilleggstenester
Moglegheiter for leige av sengetøy, handkler, båt og sluttreingjering kjem fram i skildringa av feriebustaden. Desse ytelsane kan bestillast saman med feriebustaden, men ved bestilling seinare enn to veker før ankomst kan det ikkje garanterast. Betaling for tilleggstenester skjer ved avreise saman med leigesummen. Både kontantbetaling i norske kroner (NOK) og kortbetaling aksepterast.
7. Antal personar
Feriebustaden er berre utstyrt og berekna for det antal personar som er oppgitt i presentasjonen. Det er ikkje tillate å slå opp telt, ha campingvogner og liknande på tomta til feriebustaden, utan at dette er avtala på førehand. Eventuell bruk av eigen båt frå Tjugum Hytter sine båthamner må avtalast på førehand.
8. Dyr
Det er ikkje tillete med husdyr i feriebustaden utan særskilt løyve. Dette betyr ikkje at feriebustaden er allergivennleg.
9. Ordensreglar
Leigetakar og reisefølge er forplikta til å overhalde reglar og følgje bruksanvisningar i feriebustaden. Normal standard for ro og orden må etterfølgast. Feriebustaden skal forlatast i rydda og reingjort stand. Dersom sluttreingjering leigast, skal likevel bustaden vera rydda, avfall fjerna og oppvasken teken og rydda vekk. Leigetakar må også sørgje for at feriebustaden forlatast i forsvarleg låst og skadefri stand. Uteområdet skal ryddast før avreise.
10. Manglar ved utleigeobjektet
Dersom det blir oppdaga skade eller manglar ved ankomst feriebustaden, må det snarast og innan 24 timar etter ankomst meldast frå og takast bilete. Leigetakar må ikkje sjølv utbetre nokon form for manglar, utan at dette er avtala på førehand.
Dersom leigetakar ikkje varslar om eventuelle skadar, manglar eller mangelfull reingjering, kan det medføre at han/ho vil bli stilt ansvarleg. Dette sjølv om andre kan ha forårsaka det inntrufne.
Dersom leigetakar kjem til ein feriebustad som ikkje er tilfredsstillande reingjort ved ankomst, gir det ikkje automatisk rett til å la vere å reingjere hytta skikkeleg før eigen avreise.
Om det finnast manglar på fasilitetar i feriebustaden som ikkje er beskrivne i presentasjonen kan det ikkje krevast utbetring av desse, og det blir ikkje gitt rett til kompensasjon.
11. Ankomst og avreise
Leigeperioden startar kl. 16:00 ankomstdagen og sluttar kl. 10:00 avreisedagen, dersom ikkje anna er avtala. Dersom ankomst ikkje vil skje på leigeperioden sin første dag, eller ved sein ankomst, må dette avtalast spesielt med utleigar. Avreisetidspunkt skal avtalast med utleigar.